Anna Kittelsaa
Anna M. Kittelsaa er sosionom frå 1971 og cand. polit. i 1999 med hovudfag i sosialt arbeid. Ho har lang erfaring som sosionom og som planleggar og rådgjevar i Trondheim kommune. No er Kittelsaa stipendiat ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskap ved NTNU i Trondheim og arbeider med ei avhandling om korleis unge vaksne med utviklingshemming opplever kvardagslivet sitt. I meste delen av yrkeslivet har ho vore oppteken av utviklingshemma sin livs- situasjon og levekår. På konferansen Fritid for alle 2008 legg ho fram unge utviklingshemma sitt syn på avlastings- tilbod. Rapporten om prosjektet, «Sånn er det bare», vart utgitt i 2003. Prosjektet var finansiert av Røde Kors sitt forskings- fond til støtte for psykisk utviklingshemma. Dei viktigaste problemstillingane i undersøkinga er også publisert i fagartikkelen «Når voksne skal ha litt fri» i tidsskriftet Embla nr 1 i 2005.
Unge utviklingshemma vert tekne for lite på alvor når innhaldet i eit avlastingstilbod vert lagt opp. Målet må vera at avlasting gir ungdomane gode erfaringar og opplevingar saman med vener utan mor og far.
Anna M. Kittelsaa som er stipendiat ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskap ved NTNU, har intervjua utviklingshemma ungdom og tilsette i avlastingsbustadar.
- Når avlastinga skjer på den måten vert bustaden fylt opp fordi ressursar som tilsette og driftsmidlane alt finst. Det er også lett at alle utviklingshemma som vert samla i bustaden, får tilbod om same type tenester og fritidsaktivitetar. Knapt med tilsette og lita tid gjer at det vert vanskeleg å ta omsyn til kva dei utviklingshemma ynskjer, påpeikar Kittelsaa.
Kommunen skal leggja til rette
Avlasting er eit viktig tilbod for foreldre til funksjonshemma born og ungdomar. Etter Sosialtenestelova er avlasting eit kommunalt ansvar. God avlasting skal gje omsorgsytarane avkopling og kvile samstundes som dei er trygge for at familiemedlemene deira har det godt under avlastingsopphaldet.
Kittelsaa viser til at avlastinga, slik det står i lova, fyrst og fremst vert lagt til rette for å dekka omsorgspersonane sine behov. At avlasting skal gje tryggleik og kontinuitet er eit vesentleg punkt. Det må gjelda både omsorgsgjevar og omsorgsmottakar.
Utrygge på å velja
Ni unge menneske mellom 14 og 18 år deltok i studien. Alle har hatt regelmessige opphald i avlastingsbustad i fleire år. Studien vart gjennomført i samarbeid med enkelte tilsette i bustadane.
Andre studiar viser at ungdom med nedsette funksjonar møter færre krav frå foreldre og omgjevnadane enn andre ungdomar. Difor vert ungdomane som er på avlasting, spurt om kva dei ynskjer å gjera. Likevel viser intervjua at ungdomane sjeldan får kjensle av å bestemma sjølve. Dei er med på det daglege husarbeidet og får lov å velja kva dei skal gjera, men dei er ikkje involvert i dei meir grunnleggjande avgjerdene som har å gjera med kvaliteten på avlastingsopphalda.
Når dei skal på avlasting og kven dei skal vera saman med, vert heller ikkje diskutert med ungdomane. Både endringar i gruppene og i turnusen til dei tilsette kan opplevast vanskeleg. Når ungdomane ikkje har noko å seia, kan dei få ei kjensle av å vera makteslaus.
Vanskeleg å vera kritisk
Ungdomane har lyst og ser fram til å koma på avlasting. Fleire av dei er klar over at dei treng ein del hjelp. Det kan til dømes vera med matlaging og anna husarbeid, personleg hygiene eller at ein tilsett er med når ungdomen skal besøka vener.
Dei tilsette prøver å hjelpa til med å utvikla felles interesser og gode relasjonar. Til vanleg møter ungdomane venene sine berre i tilrettelagte fritidsaktivitetar . Når dei er på avlastinga kan dei verta vener, i alle fall dersom dei får høve til å vera saman med personar som dei likar.
I studien kjem ungdomane med få kritiske merknadar til innhaldet i avlastinga.
- Kanskje det også ville vera vanskeleg for dei å vera kritiske til dei tilsette i avlastingsbustaden som dei er avhengig av, seier Kittelsaa.
Individuelle val
Det verkar som ungdomane får mykje trening i å tilpassa seg andre. Det er nyttig, men viss dette vert ei stabilt mønster, kan ungdomar som er relativt sjølvstendige, få for lita merksemd, og dei kan oppleva at det vert kjedeleg.
Den måten avlastingsbustadane er organisert på, fører til at dei som er der samstundes, må dela på sjølve bustaden og merksemda frå dei tilsette. Ungdomane opplever at travle arbeidsdagar for dei tilsette og mange krav frå andre som er på avlasting, kan hindra dei i å få det slik dei ynskjer. Det er ikkje overraskande at slike tilhøve kan skapa frustrasjon.
Anna M. Kittelsaa spør om det er på tide å sjå etter andre måtar å organisera avlastinga. Ho peikar på at det må takast utgangspunkt i dei utviklingshemma sine eigne ynskje og behov, ikkje i fastlagde tenester der føresetnaden ser ut til å vera at dei utviklingshemma er ei homogen gruppe.
Ut frå denne studien må eit avlastingsopphald som skal opplevast positivt, blant anna leggja til rette for at ungdomane kan vera i lag med vener og ha det morosamt saman med dei.
Anna M. Kittelsaa kan nåast på epost: anna.kittelsaa@svt.ntnu.no
Oddvar Soldal, frilansjournalist