anitaromsdal.jpg
- Det blir spennande å sjå om dei einslege, mindreårige asylsøkjarane har fått ei slik tilknyting at dei held fram i organisasjonane til hausten, seier fagkonsulent Anita Romsdal i Alta kommune.(Foto: Ingebjørg Jensen).

Først var dei ti. No er dei 20 einslege, mindreårige asylsøkjarar i Alta som driv med alt frå fotball og boksing til gitarspel. Det blei resultatet då fagkonsulent Anita Romsdal sette fritid - med - bistand- metoden ut i livet.

Det skulle ta litt tid frå Alta kommune i 2009 vedtok å bruke metoden i barne- og ungdomstenesta, til det kom noko handfast ut av det. Men hausten 2011 gjekk Romsdal frå i habilteringstenesta inn i samarbeid med busettingavdelinga , der dei tar seg av dei einslege, mindreårige flyktningane.

I prosjektet ”Fritid med mening”, fekk dei – alle saman gutar - rettleiing om fritidsaktivitetar dei kan delta på i kommunen.

- Gutane hadde behov for rettleiing. Dei hadde aktivitetar som busettingsavdelinga organiserte, men det var ingen som hadde fått kontakt med frivillige organisasjonar. Det første eg gjer er å kartleggje interessene og erfaringane til gutane. For å overvinne språkproblema bruker eg mykje bilder, brosjyren om fritidsaktivitetar, og tolk om det var nødvendig. Etter kartlegginga tar eg kontakt med frivillege organisasjonar, og hjelper dei inn der, fortel Romsdal. Gutane har sin eigen kontaktperson i organisasjonen, som i hovudsak har vore trenar eller instruktør. I tillegg har eg følgd med dei første aktivitetane.

Måtte gjere ein innsats

Einslege, mindreårige asylsøkjarar er plassert i kommunane som eit frivillig hjelpetiltak etter paragraf 4,4 i barnevernslova. I Alta kommune har dei eit butilbod, der miljøarbeidarar i busettingsavdelinga følgjer dei opp i eigne bueiningar.

Når dei fyller 18 år, kan dei sjølv inngå ein avtale om vidare oppfølging. Etter fem år skal dei vere rusta til å bu for seg sjølv, og tilbodet opphøyrer. I Alta kommune erkjente dei at denne gruppa trengte ein ekstra innsats, i tillegg til skule- og butilbodet.

Resultatet er at fem gutar no spelar fotball, nokre boksar og ein går på karatetrening. Ein gut ville lære å spele gitar, og etter at han hadde fått kurs, blei det starta ei gitargruppe med tre gutar, der ein av dei tilsette i bueininga leiar gruppa. Ein av gutane dreiv frå før med song og dikt, men ville gjerne lære å spele til. Alle tre ventar no på svar frå den lokale kulturskolen, der de er søkt inn som elever

- Er det nokon som ikkje er aktivisert, slutta eller sa nei til tilbod?

- Erfaringa med å starte opp med fritidstilbod og aktivitetar var veldig positiv. Dei fleste av gutane var positive og kom raskt med forslag til aktivitetar dei ville prøve ut. Eg så fort at nokre av gutane var interessert, men hadde ikkje motivasjon til å kome i gang, sjølv med rettleiing og støtte. Etter kvart som nye gutar kom til, erfarte eg at det var veldig lett å engasjere dei, samanlikna med dei som hadde vore busett i eitt år utan å få dette tilbodet. Kva som var årsaka, veit eg ikkje.

- Kva synest gutane om tilbodet?

- Gutane har vore takknemlege for at dei får hjelp til å finne den aktiviteten dei ønska å drive med. Dei nye gutane som har kome til Alta etter oppstart, har sjølv bede om å få snakke med meg som rettleiar. Vi gjer no ei undersøking blant dei om korleis dei har blitt tatt vare på i organisasjonane, om dei har fått seg vener og andre erfaringar. Dei tilsette i bueininga samtalar med nokre av gutane, eg med andre. Det er litt tidleg å konkludere enno, seier Romsdal, som er spent på å sjå korleis det går med dei gjennom sommarferien, då ein del idrettsaktivitetar og kulturskulen stenger. Det blir spennande å sjå om dei har fått ei slik tilknyting at dei held fram i organisasjonane til hausten. Det tar tid å gå frå å ha kjenningar til venar, og dette trur eg er effektar av prosjektet som kan vise seg på sikt.

På konferansen kjem Romsdal til å fortelje meir om svara frå gutane. Men eit av svara røper ho :På spørsmål om kva som hadde vore det viktigaste med tilbodet i starten, svara ein av dei: ”Eg har fått meg six pack!”.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]

Sist endret: 31.05.2012