Bilde av en gapahukI Kvinnherad kommune har det vært en auke i utbetaling av sosialstønad til unge vaksne dei to siste åra. Total hadde NAV i 2015 70-80 brukera i denna gruppa, 40 av desse hadde ikkje eit dagtilbod. Ein stor prosendandel av desse er unge vaksne.

Oppstart og samarbeidspartnera

Aktiv Fritid ynskja å oppretta eit samarbeid for å kunne nå brukera som er i deira system og kunne gje desse eit tilbod på dagtid.  Det vart oppstart av samarbeid mellom dei ulike tenestane i kommunen. Samarbeidet består av Aktiv Fritid (kultur og fritid), Fatland Aktivitetshus (rus og psykiske helsetenester), NAV og Inn på tunet (ved grunneigar Olav Svalland).

Stortinget har vedtatt at NAV kontora får plikt til å tilby aktivitetar til personar som motek sosialstønad til livsopphald. Aktivitetane skal vera individuelt tilpassa den einskilde sine behov og funksjonsnivå. Den nye § 20 i sosialtenestelova lyder slik;

«Det skal stillast vilkår om aktivitet for tildeling av økonomisk stønad med mindre tungtveiande grunnar taler mot det. Det kan også stillast andre vilkår for tildeling av økonomisk stønad, inkludert vilkår etter § 25» (Arbeids- og sosialdepartementet 2015).

Når det gjeld kommunen si plikt til å tilby aktivitetar, så står det blant anna følgande (St.prop. nr 39 L:127).

«Kommunen må både kunne tilby lavterskel aktivitetstiltak for personar som vil ha arbeid som et langsiktig og usikkert mål, og arbeidstilrettede aktiviteter for personer som har arbeidsevne, men som har behov for vedlikeholde sin kompetanse i påvente av et egnet arbeidstilbud».

Bilde av Monica Svellingen-HammerAktiv Fritid arbeidar i eit folkehelseperspektiv. Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremmer befolkningens helse eller trivsel, forebygger psykisk eller somatisk sjukdom, skade eller lidelse, eller som beskytter mot helstrusler, samt arbeidar for jevnare fordeling av faktorer som direkte eller indirekte påvirker helsen. Aktiv Fritid har sin teoretiske fundament knytta til normalisering og empowerment. Eit perspektiv som kan forståast som ein prosess hvor menneske byggjer opp evne til å handle på eige vegne, og på denne måten styrke sjølvbildet sitt. Metoden Fritid med bistand (Midtsundstad 2013) har gitt retning til videreutvikling av den lovpålagte støttekontakttjenesten, men brukes og for å styrke arbeidet med for eksempel folkehelse, forebygging og rehabilitering.

Me ser at størstedelen av dei som vert henvist til Ung Meistring har eit rusproblem. Nokon har rusavhengighet som sin største utfordring, medan nokre har rusmisbruk som ringverknad av andre utfordringar dei har. Rusforebygging er blant anna å legge til rette for at ungdom bruker mindre rusmidler i framtida. Auka sjølvkjensla, styrking av self-effi cacy – eller meistringsstrua om ein vil – til dei som treng det aller mest (Helsedirektoratet 2013:20) verker rusforebyggjande. Når me gjev ungdom mulighet til å meistra noko, er det ledd i rusforebyggjande arbeid.

Me nyttar og mykje samtale om opplevde konsekvenser ved rusbruk, og me prøver å få deltakarane til å reflektere over dei valga dei tek. Willy Pedersen, ein av våre framste forskera på ungdom og rusmidlar, har uttalt at følgende tre områder er aktuelle når me skal snakke om konsekvenser ved rusbruk. Alle områda er knytt til kva som kan opplevast her og nå: Ulykker (fall, trafikkulykker etc), Vold og/eller seksuelle krenkingar. Forebygging av rusmiddelrelaterte skader og problemer handler og om å skape gode og trygge vilkår og ha fokus på det som fremmer fellesskap, trygghet, inkludering og deltaking (Pedersen 2012).

Ung meistring

Ung Meistring starta opp 1.september 2015 med dei fyrste deltakerane. Tiltaket er vekentleg, kvar tysdag med møteplikt kl. 09:00 På Fatland Aktivitetshus. Avsluttes kl. 14:00 same stad. I tidsrommet kl. 08:00-09:00 og kl. 14:00-15:00 vil ein tilby hjelp til transportbiten frå heimen til deltaker og oppmøtestad, dette grunna manglande kollektivtransport tilbod i opningstidene. Ung Meistring var i starten tenkt til aldersgruppa 18-26 år og me har begrensa område for deltaking til dei næraste bygdene på bakgrunn i geografiske avstander innad i kommunen. Dei deltakerane som klarer ved eiga hjelp å koma seg sjølv til Husnes til kl. 08:30 kan og inkluderast inn. Med 4 personar på jobb i tiltaket kan ein tilby tiltak til inntil 15 deltakera.  Tiltaket fokuserar på friluftsliv i skog og natur og planlagte turar vert gjennomført uansett vær og føreforhold. Dette for å tilby ein fast og stabil aktivitet. Det vert sett som krav til kvar deltaker som skal inn i tiltaket at dei har ein «startpakke» med friluftsutstyr beståande av sekk, termos, matboks og sitteunderlag samt ullundertøy, allversklede og 1 sett gode tursko.  Dette organiserte NAV. Nav kjem med deltakera til tiltaket og har gjennom sakshandsaminga deira skissert mål og lengd for deltakinga på Ung Meistring.

Bilde av en traktorFørste aktivitet me byrja med var å bygge gapahuk. Me er heldig som har fått fleire gunneigarar med som stiller grunn til disposisjon. Ved å spela på samarbeid med ulike lokale lag og organisasjoner har me i fellesskap fått til mykje. Tidleg på hausten tilbydde me deltakera som ynskja å heva kompetansen sin, å ta eit 2 dagers motorsagkurs. Å sjå gleda hjå den enkelte når beviset vart utdelt, å høyra kva det betyr å få auka meistring, samt få tilbakemeldingar på at no kan dei tilby familie og bekjente hjelp til felling av trær og anna arbeid, er stort. Denne auken i kompetansen har og gjort at me kan dela oss meir i grupper når me er i lag og me kan arbeida parallellt med ulike oppgåver samstundes. Sjølv på dei kaldaste dagane me hadde i vinter, var det deltakarane som no er blitt vane med at me er ute, som sette foten ned då det vart føreslegen at me skulle eta lunch innomhus. Lunchen skulle inntas ute og bålet vart tent. Roen ein får rundt bålet under lunchen er godt på ulike måtar for fleire av deltakarane. Dei har ulike utfordringar dei strevar med. Sosial angst, sosiale ferdigheter, uro, tankekjør, usikkerhet og abstinens er ulike utfordringar som dei har. Gjennom to halvår har me til no vore ilag 38 gonger og det har resultert i 2 gapahukar, stirydding etter haust og vinterstormar, lage til bruar og stigar i naturen for å lette framkomeligheten, strandrydding i samarbeid med SIM, merking av tursti i samarbeid med den lokal undergruppa til Bilde av en fiskebåtDen Norske Turistforening (DNT), sette garn og vore på fisketur, kanoturar og matlaging. Me set brukarmedverknad i fokus og alle er med å avgjer kva me skal gjera og kvar me skal bygge gapahukane. Tiltaket vart sumarstengt i 4 veker i sumar, men no når hausten er her skal me i gang med den tredje gapahuken. I nær framtid er det 4 nye deltakera som skal ha motorsagkurs, slik at kompetansehevinga vert halden vedlike etterkvart som nye deltakera vert henvist.

Erfaringar

Utfordringa med samarbeidet har vore å fordela kven som skal bera dei ulike økonomiske utgiftene, men med jamne møter i styringsgruppa og synfaring ved arbeid som er utført, kan me konkludera med at saman er me best og får utretta mykje meir enn om me arbeidar på kvar vår «tue». Litt endringar ifht inntakskriterier har det vore undervegs for å nå flest mogleg av dei som til ei kvar tid treng eit slikt tiltak. God og tydleg kommunikasjon mellom samarbeidsaktørane har ført til at enkelte av dei som har vore på Ung Meistring no har kome seg vidare ut i arbeidstrening, arbeid og utdanning.                                                              

Litteratur

Arbeids- og sosialdepartementet (2015): Lov om endringer i arbeidsmiljøloven og sosialtjenesteloven (adgang til midlertidig ansettelse mv. og vilkår om aktivitet for stønad til livsopphold). Oslo.

Helsedirektoratet (2013): God rusforebygging – Et temamagasin om kommuner og rusarbeid 2013, Oslo.

Midtsundstad, Anders (2013) Fritid med bistand. En metode for å støtte sosial inkludering. Bergen: Fagbokforlaget.

Pedersen, Willy (2012) Bittersøtt. 2.utg. Oslo: Universitetsforlaget.

St.prp. nr. 39L (2014-2015) Endringer i arbeidsmiljøloven og sosialtjenesteloven (adgang til midlertidig ansettelse mv. og vilkår om aktivitet for stønad til livsopphold). Oslo: Arbeids- og sosialdepartementet.