Gyrid Langsholt er mor til ein 11 år gammal gut med a–typisk autisme. Ho meiner ”støttekontaktring” kan vera eit lågterskeltilbod til mange grupper, og reknar opp: Born med diagnose, sysken av born med diagnose, born av psykisk sjuke foreldre, til barn av langtidssjuke, kreftsjuke eller døyande foreldre, born av foreldre som er avhengige av rusmiddel, born av foreldre i fengsel, born av åleineforeldre, innvandrar– og asylsøkjarborn. Ordninga kan lett organiserast i barnehagar og i dei fyrste skuleåra.
Støttekontaktring rundt eit barn
Gyrid Langsholt er mor til ein gut på 11 år. Dei har gode erfaringar med ”støttekontaktring” for å gi guten samvær med klassekameratar på fritida. – Guten vår fekk eit innslag av normalitet i livet sitt og vi foreldre fekk eit sårt tiltrengt pusterom nokre timar, seier Langsholt.
– Fram til han kom i barnehagen hadde guten ei utvikling der han fylgde normalen, låg føre normalen på nokre område og etter på andre. Motorisk var han både sterk og svak. Han skilde seg litt ut frå gjengse jamaldringar. Men ikkje meir enn at vi tenkte ”han er gut og kunne berre vera litt sein”. Ein har ofte sett at heimeverande barn får rask framgang, serleg når det gjeld språk, når dei tek til i barnehagen, forklarar mora.
Lang utredning til a–typisk autisme
Guten tok til i barnehagen då han var to år og tre månadar. Då snakka han berre enkeltord. Etter fire månadar i barnehagen hadde han ikkje noko merkbar forbetring. Då føreslo dei tilsette i barnehagen å henta inn fagkompetanse. Utredninga tok tre år. Han fekk diagnosen a–typisk autisme i juni 2001. I denne perioden var PPT, Vestlund habiliteringssenter og Autismeteamet ved Haukeland sjukehus med i arbeidet.
Forsterkingar i fagmiljøa
– Tiltaka som vart sett i gang, var først hjelp av spesialpedagog og seinare også støttepedagog i barnehagen. For å setja det litt på spissen fekk fagmiljøet forsterkingar og høgt kompetent hjelp, vi i heimen fekk ikkje noko, fortel Langsholt.
Etter kvart vart dei kjende med at det var mogeleg å få avlastning, men så vidt Langsholt hugsar vart det sagt at det ikkje var vanleg å gje støttekontakt til så små barn. Dei kunne få avlastning som vedtak, men dei vart spurde om å finna høvelege personar sjølve.
Varierande avlastning
Dei fekk avlastar i mars 2001. Guten sin støttepedagog i barnehagen slutta og ville gjerne halda kontakten. Alt i desember same år gav han seg som avlastar. I mai 2002 fekk dei ny avlastar. Nok ein gong var det ein støttepedagog som slutta og gjerne ville halda kontakten. I april året etter måtte han gi seg. Så var dei utan noko som helst, fram til støttekontaktringen begynte i august 2003.
– Det har heile tida vore vedtak på at vi skulle få avlastning ei helg i månaden. Likevel vart det stopp heilt til desember 2004. Då fekk vi avlastning ei helg kvar 6. veke. Også denne gongen var det ein støttepedagog som slutta, og ville halda kontakten, fortel mora.
Godt opplegg i skulen
I august 2002 byrja guten på skule, i vanleg klasse på heimeskulen. Han var svakt fungerande, mangla verbalspråk, brukte bleier, hadde vanskar med konsentrasjon, var lite uthaldande, kunne vera fysisk utagerande og hadde liten impulskontroll. Samstundes fungerte han godt på sine interessefelt.
Langsholt understrekar at han fungerte godt fordi støttepedagogen hans frå barnehagen fylgde han vidare i skulen.
– Støttepedagogen fungerte som ”missing link” til omverden og han fekk lærarar som forsto kunsten å legga til rette. Det vart eit svært godt miljø i klassen og blant foreldra.
Støttekontaktringen
Det var vi sjølve som fekk ideen om ”støttekontaktring”. No, snart fem år etter, har eg enno ikkje høyrt om noko tilsvarande, fortel Langsholt.
– På slutten av første klasse spurde vi fire familiar i klassen og på trinnet om dei ville vera med i ein støttekontaktring rundt guten vår. Den enkelte familie ville da ha besøk av han ein ettermiddag i månaden medan vi fekk eit tilbod til han kvar veke.
Tiltaket starta i andre klasse. Då foreldra kom på SFO for å henta sitt eige barn, tok dei guten med. Han var der om ettermiddagen og hadde middag og andre aktivitetar med den familien. Foreldra hadde vanskar med å forstå han fordi han mangla verbalspråk. Barna deira fungerte som tolkar. Dei kjende han og hadde lært mange teikn som dei kunne tolka for foreldra.
– Guten fekk erfara andre familiar og andre rutinar. Han var også ute og leika og vart kjent i fleire nærmiljø. I to av familiane var det eldre søsken som gjekk på same skule og slik fikk han enda fleire gode ”ambassadørar”, seier mora.
Opplegget med dei fire familiane vara i andre og tredje klasse. I fjerde klasse fall ein familie frå og tiltaket smuldra bort etter kvart som dei andre borna ikkje lenger nytta seg av SFO–tilbodet. Ordninga var godkjent og finansiert av kommunen.
Gode erfaringar
Gyrid Langsholt har mange gode erfaringar med støttekontaktring. Dei andre familiane har vore positive. Dei har vorte kjende med ein klassekamerat som dei elles ikkje ville blitt spesielt kjent med.
– Guten vår fekk eit innslag av normalitet i sitt liv gjennom å vera med andre born, vera i andre heimar og møta andre foreldre. Samværet på heimebane har naturleg nok gjort at borna har blitt endå betre kjende med guten vår. Dei har fått og teke eit ansvar. Vi foreldre fekk også eit sårt tiltr 26.09.2007 støttekontaktring er mange, både i ytre form og i innhald: Tiltaket er ikkje stigmatiserande. Det er vanleg at barn er med andre born heim når dei blir henta. I staden for å vera ei kunstig samværsform, er det ei forsterka normal samværsform som gir barnet innblikk og erfaring i dagleglivet. De andre borna veks på oppgåva som omsorgspersonar.
I ettertid ser Langsholt at ho ville organisert deler av tiltaket noko annleis.
– Fleire born ville gjerne koma heim til oss. Det var eit naturleg ynskje, men vi makta det rett og slett ikkje. Hadde vi hatt ein hjelpande person heime hos oss nokre timar ein ettermiddag i månaden, kunne vi som foreldre i den funksjonshemma familien også delteke i ei forsterka, men naturleg samværsform.
To avlastarfamiliar i dag
Medan guten var med i støttekontaktringen, hadde familien lite anna avlastning. – Vi hadde på ein måte ”brukt opp” vårt eige nettverk, kommenterer mora.
No har dei både helgeavlastning ei helg i månaden, fordelt på to familiar, og støttekontakt, stort sett fem timar i veka hos ein av avlastarfamiliane.
– Eg er overtydd om at privat avlastning er kvalitativt best, i vårt tilfelle. Derfor aksepterer vi at tilbodet fell bort ved sjukdom og liknande. Vi har lært å ”stella pent” med avlastarane våre for at dei skal vara lenger. Difor har vi to avlastarfamiliar, slik at det ikkje blir så ofte for kvar av dei. Dette var også tanken bak støttekontaktringen, avsluttar Gyrid Langsholt.
Oddvar Soldal, frilansjournalist
Sist endret: 13.09.2007