Ole-Petter-Askheim.jpg
Professor Ole Petter Askheim (Foto: Ingebjørg Jensen)

Samskaping og samproduksjon. Desse nye omgrepa går igjen viktige offentlege dokument mynta på helse- og omsorgssektoren. Men no er dei i ferd med å krype inn på fritidsfeltet og representerer ein ny måte å tenke på, meiner Ole Petter Askheim, professor ved Høgskolen i Lillehammer.

Askheim er oppteken av kva som ligg i slike honnørord. Han minner om kva som skjedde med "empowerment"- myndiggjering på norsk. Kva tyder det når det blir brukt av så ulike aktørar som pc-produsenten Acer, statsminister Erna Solberg for å skildre Høgrepolitikk, ein leppestiftprodusent eller av frigjeringsteologen Pablo Freire?

Tre viktige dokument

Under konferansen "Fri tid for alle 2014" tok Askheim for seg tre offentlege dokument som alle inneheld dei nye orda: NOU 2011:11 - Innovasjon i omsorg , Meld.St.29 (2012-2013) Morgendagens omsorg , og Meld.St.34 (2012-2013) Folkehelsemeldingen - God helse- felles ansvar.

– Alle desse blei utarbeidd under den raud - grøne regjeringa. Men eg trur ikkje perspektivet blir rokka ved trass i regjeringsskiftet, meiner Askheim, som definerer omgrepa slik:

Samproduksjon: Eit slags partnarskap mellom tenesteytarar og brukarar av sosiale omsorgstenester. Meininga er at det skal vere eit likeverdig partnarskap.

Samskaping: Er noko meir enn å produsere tenester. Det inkluderar samarbeid om planlegging, utvikling og revisjon av tenestene. Gjennom slike prosessar skal det skapast nye relasjonar og eit nytt verdifellesskap.

– Samskaping og samproduksjon markerer opposisjon både mot ein tradisjonell, hierarkisk modell og ein markedsorientert konsumentmodell. Her ser ein brukarane som medborgarar med kompetanse. I ei utvida definisjon kjem fritid også inn. Brukarar, pårørande, frivillige og organisasjonane blir sett på som medskaparar av dei gode tenestene.

Avhengig av brukarane

– Bakgrunnen for samskaping- og samproduksjonstenkinga er at tenestene er avhengig av bidrag frå brukarane. Eit døme er at i amerikanske byar, der innbyggjarane har stor tillit til politiet, har dei høgare oppklaring av brotsverk. Det har også blitt meir merksemd på brukarorganisasjonar, til dømes for funksjonshemma, som utfordrar profesjonsmakta. og krev sterkare innverknad på utforminga av tenestene, seier Askheim, som meiner at det ikkje minst er ein viktig økonomisk grunn til nytenkinga:

– Velferdsutgiftene stiger enormt. Dermed må vi tenke annleis. "Om vi ikkje tar grep, vil velferdsstaten bli sprengd!", er tankegangen. Det starta i USA der politikarane rundt 2000 blei opptekne av å reduserte offentlege utgifter, noko som blei sentralt i velferdspolitikken både til Clinton- og Obama- administrasjonen, og i Storbritannia under New Labour.

Dei tre norske dokumenta frå 2010-talet er opptekne av ”En bevegelse fra et mottaker- og konsumentperspektiv til et medborgerperspektiv, der folks dagligliv og egne aspirasjoner, behov og mål blir tatt på alvor og lagt til grunn for tjenesteutforming”, som det heiter Innovasjon i omsorg .

Meir over på frivillige

Askheim peiker på at frivillige skal overta meir av omsorgsoppgåvene frå det offentlege, i følgje dei tre dokumenta.

* I Innovasjon og omsorg meiner utvalet at sosial verdiskaping både i form av frivillige organisasjonar og tiltak og nye formar for brukarsamvirke " bør gis betydelig større rom og armslag i drift og framtidig utvikling av velferdsordninger. Innen 2020 bør på denne bakgrunn anslagsvis 25% av den samlede omsorgssektoren være organisert og drevet som ideell virksomhet. I dag er denne andelen knapt 5%”

* I Morgendagens omsorg heiter det at " Framtidsutfordringene kan ikke overlates til de kommunale helse- og omsorgstjenestene alene, men vil kreve at vi leter fram, mobiliserer og kan ta i bruk samfunnets omsorgsressurser på nye måter…" Dei vil også trekke dei ideelle organisasjonane inn i omsorgsfeltet ved å utfordre dei til " å finne nye veier, aktivt involvere nye generasjoner og utvikle nye former for ideelle tiltak og samvirkeløsninger.. ."

* Folkehelsemeldingen snakkar om at "frivilligheten gir folk muligheten til deltakelse samtidig som den er viktig for å få løst mange viktige samfunnsoppgaver og bidrar blant annet til bedre folkehelse og integrering”.

– Medborgarskap er eit omgrep som er "in". I Morgendagens omsorg står det mellom anna at vi må ta ansvar for lokalsamfunnet, og at vi har både rettar og pliktar, det såkalla "sosiale medborgarskapet", seier Askheim.

– Det som de snakkar om her på konferansen, fritidsfeltet, blir det no lagd opp til i offentlege dokument. Det har tvunge seg fram: I 2030 vil det mangle 40.000 dagsverk i eldreomsorga, medan vi i 2040 vil ha dobbelt så mange innbyggjarar over 80 år. Og det har kome langt fleire yngre funksjonshemma dei siste åra.

Snakkar ikkje om makt

Askheim oppmodar til å sjå kritisk på dei tre dokumenta: - Omgrepet makt er fråverande i desse dokumenta. Det blir tatt som gitt at det er felles interesser mellom tenesteytarar og brukarar. Ein snakkar ikkje lenger om myndiggjering, men framstiller det som ein maktdeling, som at " vi er alle i same båt"- tenking. Men vil det skje ein automatisk maktfordeling, eller vil det medføre ein displinering av brukarane, der samproduksjonen skjer på tenesteytarane sine premissar? Er dette ei såkalla "produktiv makt " der folk trur dei avgjer sjølv?, spør Askheim, og viser til ei vitseteikning der ein lærar seier til elevane: "Eg ventar at de alle blir sjølvstendige, nyskapande, kritiske tenkjarar som gjer akkurat det eg seier".

Kan det ligge ei ansvarsfråskriving frå velferdsstatens side når det blir lagd slik vekt på dei ulike aktørane sine ressursar? Og kva med at ulike brukargrupper har ulike føresetnadar for samproduksjon?, spør Askheim.

– Er dette ei idealisering av lokalsamfunnet, i ei tid med sterk individualisering?

Askheim set også fingeren på at "samskaping av velferdstenestene" vil seie at familiene må yte meir, det vil seie kvinnene.

– I Innovasjon i omsorg vil dei til dømes oppgradere og vidareutvikle omsorgsløn. Bra at omsorg for eldre også skal lønast, men kvar er kjønnsdimensjonen?

I dag er under 10 prosent av det frivillige arbeidet i omsorgssektoren, og 55 prosent i kultur og idrett. Han reknar med at det også skjer ei vriding i synet på fritid og frivillig arbeid, men åtvarar mot ein instrumentalisering av fritida:

– Fritid kan bli eit virkemiddel i velferdspolitikken. Då har ikkje fritida verdi i seg sjølv, men er først og fremst ein reiskap til å oppnå målsettjingar innafor omsorg, folkehelse og inkludering: Ein spør seg til dømes korleis bruke fritid og frivillige for å inkludere grupper som er utafor. For 30 år sidan jobba eg med førebygging for ungdom på Lillehammer. Målet var å hindre at ungdom hamna på køyret. Verdien av fritid for si eiga del blei tona ned. Det skjer også no, åtvarar Askheim.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 06.06.2014