Anne-Kristine Aas, til høgre i bildet, og Gunn Hilde Øymo let ord verta handling i eit entusiastisk og motiverande innlegg om treningskontaktar.
Idrettslaga organiserer trening i lokalmiljø og bygder over heile landet. No vil laga ha kurs for treningskontaktar. Dei skal gje folk som slit med rus og psykiske problem, hjelp til å koma i gang med fysisk aktivitet og trening.
Fysisk aktivitet har i fleire år vorte nytta som behandling ved enkelte rusinstitusjonar og psykiatriske institusjonar. Det har gjeve eintydig gode resultat som viser at betre fysisk helse fører til betre psykisk helse.
Idrettslag som lokal miljøskapar
Filosofien er såleis ganske enkel. I samarbeid med fagfolk innan rusbehandling og psykiatri vil idrettslag nytta sin kompetanse innan trening og som lokal miljøskapar.
Anne-Kristine Aas i Hordaland idrettskrets og Gunn Hilde Øymo ved Stiftelsen Bergensklinikkene understrekar at det er viktig å nå fram med det helsefremjande tilbodet til flest mogeleg.
- I tillegg til at trening er til god nytte for folk med ulike lidingar som blant anna milde til moderate former for depresjonar og angst, gir fysisk aktivitet betre sjølvbilde og ei viktig kjensle av meistring. Treninga har også eit sosialt aspekt. Ved å verta knytt til ein treningskontakt i eit idrettslag, treng ikkje vegen til å nytta seg av andre tilbod i lokalsamfunnet å bli så lang, sa Aas og Øymo på Konferansen Fritid for alle i mai i år.
Kurs for idrettskontakter
Treningskontaktar er ressurspersonar i lokalmiljøet. Dei trenar saman med dei som treng hjelp til å få kontroll med rus og psykiske lidingar. For å gje god hjelp treng treningskontaktane kunnskap. Difor organiserer Hordaland idrettskrets no kurs over 40 timar for treningskontaktar. Ved å setja krav om kurs sikrar ein at treningskontaktane kjenner til rus- og psykiske problem, og at deltakarane får hjelp av interesserte folk med erfaring og kunnskap om den aktiviteten deltakarane vil vera med på. Motivasjon for treninga er den viktigaste faktoren for å lukkast både for deltakaren og treningskontakten.
Kursinnhaldet
Kurset er på 40 timar og går over to helgesamlingar. Kurset vert avslutta med ei skriftleg eksamensoppgåve som vert gjort heime. I stikkord tek kurset opp tema som: treningslære, treningsleiing, rusproblematikk, psykiatri, dobbeldiagnose, kosthald og ernæring og fysisk aktivitet i praksis.
Målet med kurset er å utdanna treningskontaktar som skal kunna skapa ei positiv oppleving rundt idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Treningskontakten skal kunna planleggja aktivitetar og turar ut frå den enkelte sine ynskje og føresetnad. Treningskontakten skal vera ein motivator, ikkje ein behandlar.
Tre månader treningsperiode
Treningskontaktane får oppdrag på same måte støttekontaktar, og får løn og dekking av utgifter av kommunen.
For å få hjelp av treningskontakt, må deltakaren søkja gjennom sosialkontoret. Det kan også vera ledd i ettervern. I denne omgang omfattar ordninga tidlegare pasientar innan rus og psykiatri. Omfanget av treninga og aktiviteten vert tilpassa og avgjort av delakaren sin diagnose og behov.
Det vert laga ein plan for treninga saman med deltakaren og behandlar ved institusjon eller i kommunen. Dei som kjenner deltakaren best, hjelper til med å finna den riktige treningskontakten. I fyrste omgang vert det avtala eit opplegg for aktivitet i tre månadar. I avtalen er det også med korleis treningskontakten skal få rettleiing. Etter tre månadar er det tid for evaluering.
Treninga kan innebera alt frå gåturar, turar til fjells, symjing, klatring, padling, trening i treningssenter og mykje meir. Deltakaren og treningskontakten er til vanleg i lag ein til to gonger i veka, men det kan også vera oftare.
Mål om 500 treningskontaktar
Til i september 2007 har det vore tre kurs i Hordaland, eit på Voss og to i Bergen. Kursa har hatt 76 deltakarar til saman. Før 2007 er det planen å ha eit kurs i Kvam. Tidleg i 2008 står Nordhordland og Sunnhordland for tur. Idrettskretsen sitt mål er at alle kommunar skal få tilbod om kurs innan sin region innan 2012. Då er målet å ha 500 treningskontaktar i fylket.
Kontaktpersonar og adresser
Treningskontaktar i Hordaland er ei samarbeid mellom Hordaland idrettskrets, Stiftelsen Bergensklinikkene, Helse Bergen – psykiatrisk divisjon, Hordaland fylkeskommune og kommunane i Hordaland. Kontaktpersonane kan nåast på desse adressene: Hordaland idrettskrets v/ Anne-Kristine Aas, epost: anne-kristine.aas@nif.idrett.no eller Stiftelsen Bergensklinikkene v/ Gunn Hilde Øymo, epost: gunn.hilde.oymo@bergensklinikkene.no.
Nokre aktuelle adresser: www.treningskontakt.no, www.hordaidrett.no, www.fysisk-aktivitet.no.
Treningskontaktar i psykiatri og rusbehandling var også eit tema på konferansen Fritid for alle i 2005. Sjå også www.helse-forde.no.
Oddvar Soldal, frilansjournalist
Sist endret: 03.10.2007