Magnus Breistein
- Vi har to målsetjingar: At våre medlemmer skal få idrettsglede, og ha høve til å ta del i breiddeidrett på lik linje med andre, seier idrettskontakt og prosjektleiar Magnus Breistein i ”Prosjekt Sagene”, Oslo.
Kan fleire med funksjonshemming kome i gang med trening og idrett? Kan ein start saman med andre funksjonshemma vere eit springbrett til breiddeidretten? I Sagene bydel i Oslo trur dei at det er mogleg.
Dette er i tråd med det nye idrettspolitiske dokumentet frå idrettstinget i Oslo i 2011, der dei no legg vekt på at fleire får informasjon om, finn fram til og nyttar seg av eit lokalt aktivitetstilbod som er godt lagd til rette for funksjonshemma.
På konferansen skal dei tre som har jobba med å utvikle tilbodet i Sagene bydel, legge fram kvar sin del av prosessen: Kristin Sørevold, tiltakskonsulent i Sagene bydel, og treningskontaktane Magnus Breistein og Pia Tveiterås. Dei kjem også til å snakke om kva hindringar som ligg i vegen for at dei skal nå målet med å fremje fysisk aktivitet blant barn og ungdom med spesielle behov.
Tilbodet skal vere gratis
Kristin Sørevold har de tre siste åra hatt som hovudoppgåve å følgje opp barn og familiar som har vedtak om støttekontakt og avlasting. Mange av dei saknar sosialt samvær med andre på same alder, og fleire av brukarane har stort behov for fysisk aktivitet for å betre den motoriske utviklinga.
Sørevold ønska derfor å starte opp ei idrettsgruppe, som kunne inkludere så mange barn og ungdom som mogleg, uavhengig av funksjonsnivå og bakgrunn. I gruppa skal deltakarane bli kjende med kva tilbod som finst, utan at det kostar dei ei krone. For utover løna til idrettskontakt, var det i utgangspunktet ikkje sett av pengar til prosjektet.
I starten av august 2011, blei Magnus M. Breistein engasjert som støttekontakt/treningskontakt. Han fekk som hovudoppgåve å starte idrettsgruppa, og samstundes kartleggje tilboda i bydelen og resten av Oslo kommune. Så blei Pia Tveterås også trekt inn som treningskontakt, og etter kvart delansvarleg for prosjektet:
- Hovudtanken var først at eg og Pia skulle jobbe med det same. Men etter kvart fekk ho meir ansvar for idrettsgruppa og oppgåva med å søke støtte til gruppa, medan min oppgåve var å kartleggje ulike tilbod og opprette kontakt med idrettslag, og undersøke om det var mogleg å samarbeide. Vår hovudmålsetjing var å starte ei idrettsgruppe, og få oversikt over tilboda, noko vi visste vi kunne få til.
Starta som lite prosjekt
I utgangspunktet var dette eit lite prosjekt, med to prosjektleiarar, Breistein og Tveterås, engasjert av bydelen. Dei har ein hovudkontakt i Sagene bydel. Då dei tok kontakt med Sagene Idrettsforening, var tilbakemeldinga svært positiv, og idrettslaget og bydel gikk inn i ein samarbeidsavtale. Det letta ikkje berre tilgangen til treningslokale, men også til utstyr og midlar frå idrettskrinsen, som får støtte for kvart per medlem .
Dette kjem i tillegg til kommunal støtte for brukarane og legatpengar retta mot idrettslag. Sagene IF kan også tilby trenarar og instruktørar, dersom gruppa ønskjer det. Treningsgruppa har også fått midlar frå idrettslaget til å kjøpe inn ekstra utstyr som gruppa treng.
Sørevold har kopla bydelen sine spesialpedagogar og idrettspedagogar, som prosjektleiarane kan vende seg til når dei treng det. Og samarbeider med fysioterapeutane ved Sagene Helsestasjon. Fysioterapeut Gunn Iren Smelhus ved helsestasjonen har kartlagt tilrettelegginga for sine ulike brukarane, og har kome med forslag om kva aktivitetar som kan virke positivt for den einskilde, til dømes stabilitetstrening, balansetrening eller ulike leikar.
Meir enn ei idrettsgruppe
Parallelt med kartlegging og legatsøking, knytte dei kontakt med Sagene IL. Målet var å gjere idrettsgruppa til ein del av idrettslaget. Slik slo dei to fluer i ein smekk: Gi deltakarane kjensle av å høyre til i ein større samanheng, og lettare tilgang på treningslokale. I januar 2012 kom treningsgruppa Venner i Aktivitet (VIA) i gang.
- Du har tidlegare sagt at gruppa skal vere noko meir enn ei idrettsgruppe?
- Vi har to målsetjingar: At våre medlemmar skal få idrettsglede, og ha høve til å ta del i breiddeidrett på lik line med andre. Vi vil hjelpe dei til å finne ut kva idrett som passar for dei. Vi presenterer all idrett for dei i form av leik, til dømes sisten, kanonball, innebandy eller fotball, men ikkje i form av tevling. Her er det meistring som står i fokus. Dei skal få ein mjuk start, og det skal vere moro. Vi vil at barna skal kjenne seg trygge, tørre å opne seg og uttrykkje kva dei ønskjer å drive med. Vi vil å jobbe med å få ned ventetida: Det dei finn interessant i dag, kan være uinteressant i morgon.
- Kvifor har dei problem med å delta i vanlege idrettslag tidlegare?
- Det er ikkje noko fasitsvar. Det kan være fordi barna ikkje føler at aktiviteten er tilrettelagt for dei, eller at dei ikkje har funne det riktige tilbodet. Dersom barnet ikkje er ein del av idrettens fellesskap i utgangspunktet, kan det vere enda vanskelegare å motivere dei til å delta når dei blir eldre. Det er liten tvil om at tilboda er der ute, men vi ønskjer å gjere dei meir synlege og meir tilgjengelege, først og fremst gjennom å skape engasjement hos barna.
Engasjement og systematisk jobbing
Før treningsgruppa blei sett i gang, blei foreldra invitert til eit møte der dei kunne skrive barna sine på ei interesseliste. Prosjektleiarane hadde då registrert 20 brukarar i bydelen som kan ha nytte av tilbodet.
- Rekrutteringa har blitt ei stor utfordring: Vi har problem med å få barna til å ta steget inn i gruppa. Berre seks barn har vore innom aktivitetsgruppa, og vanlegvis kjem berre to på treninga. Vi prøver å kartleggje årsaka til problemet, som til dømes kan vere at foreldre ikkje har tid til å bringe dei til trening, eller at barna sjølv manglar motivasjon til å delta. Når så få kjem, må vi skreddarsy aktivitetane til få personar. Vi kjem ikkje skikkeleg i gang før slike utfordringar er løyst. Det er viktig å understreke at eit slikt tilbod ikkje berre handler om tilgang på økonomisk midlar, og ein eventuell oppstart av en treningsgruppe, men at det også krev engasjement og systematisk jobbing mot noko ein verkeleg ønskjer å tilby barna.
- Kan de klare målsetjinga med å hjelpe brukarane over i idrettslag?
- Det er vi alt i gang med. Ein brukar vil drive med fekting, og vi har tatt kontakt med ein fekteklubb, og skal no følgje han til klubben. Vårt mål er ikkje er å skyve alle barna ut i idrettslag, dersom dei sjølv ikkje vil det. Men vi ønskjer å tilby slik bistand dersom behova oppstår, og samstundes vere ei idrettsgruppe med fokus på samhold og idrettsglede.
Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]
Sist endret: 31.05.2012