rune_oyen.JPGDet er Fritid med Bistand i Kristiansand kommune som har ansvar for denne satsinga i nært samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet. Nettstaden skal formidla kunnskap, erfaring og nyhende knytt til tenestetilbodet gjennom reportasjar, artiklar, kurstilbod m.m.

Nyttig informasjon og kontaktskaping

Nettsida har eit diskusjonsforum der det kan stillast spørsmål og gje råd og tips knytt til dette viktige fagfeltet. På diskusjonsforumet er det også høve til å knyta kontaktar på tvers av kommune- og etatsgrenser.

Tilsette i prosjektet vil kunna delta på møte og konferansar der til dømes fleire kommunar og bydelar går saman om å vidareutvikla tenester på dette feltet. Det skal vera nyttig å gå inn på nettstaden www.fritidforalle [http://www.fritidforalle/] med jamne mellomrom.

Øyen var utdanna som politi i 1980. Etter ei trafikkulukke fekk han tilbod om omskolering og vart sosionom ved Høgskolen i Agder i 2002. Første jobben var i barneverntenesta i Kristiansand kommune.

– Meiningsfull fritid er viktig

Hausten 2002 fekk han tilbod om å prøva metoden ”Fritid med bistand”. Øyen merka at det raskt skjedde positive endringar i livet til dei aller fleste born og unge som fekk tilbodet. Rune Øyen har også brukt mykje av fritida til frivillig barne- og ungdomsarbeid, spesielt innan kor og musikk. Han har sjølv to born på 17 og 18 år som har musikk og dans som deira store fritidsaktivitet.

– Interessene deira gjer også noko med meg. Dei fører meg inn i musikk eg tidlegare nesten ikkje høyrde på og viser meg ei danseverd eg ikkje kjende til. Dei er med på å utvida fritidsinteressa mi, og det er spennande. Eg vert dagleg minna om kor viktig ei meiningsfull fritid er for mange, seier Øyen.

Rent fagleg kjenner han at det å arbeida med born og unge ligg han nærast. Samstundes er det spennande og utfordrande å få bli med Anders Midtsundstad i arbeidet med nettstaden www.fritidforalle.no [http://www.fritidforalle.no/] .

Oddvar Soldal, frilansjournalist

Sist endret: 28.09.2007