Kvam har fleire vidaregåande skular. Det er til ei kvar tid elevar med spesielle behov (t.d. ADHD, sosiale vanskar) på desse skulane. Me har sett at mange av desse elevane hadde hatt bruk for litt ekstra oppfølging på fritida, og har hatt eit ønskje om å gjera noko i forhold til dette. No har me fått til eit samarbeid med lærar og miljøarbeidar på ein av skulane. Me har inngått oppdragsavtalar med desse personane, knytt opp mot enkeltvedtak. Lærar og miljøarbeidar set i gang opne aktivitetsgrupper på kveldstid for elevane på skulen. Aktivitetane som vert sette i gang er fyrst og fremst for elevane med spesielle behov, men dei må vera så "spennande" at andre ungdommar også ønskjer å vera med. Lærar og miljøarbeidar kjenner ungdomane godt, veit kva sterke og svake sider dei har, og dannar grupper utifrå det. Gruppene kan ha tema som spel, fysisk aktivitet/ friluftsliv, ballspel m.m. Dette fører til at dei elevane som slit med sosial tilpassing får vera saman med andre elevar på kveldstid. Slik vert det heller ikkje synleg for ungdommane kven som eigentleg har støttekontakt.
Gunnvor Rabbe og Britt Vik Sandven fra Kvam herad utfordrer med dette Ålesund kommune.