Moyfrid Felecian-Midttun.jpg
Moyfrid Felecian-Midttun

”Mitt barn er glad. Då er eg glad”. Slik uttrykte ei mor gleda si over at barnet hadde fått ein norsk mentor, gjennom ”Nattergalprosjektet”, som det siste året har vore i gong ved sju høgskular og eitt universitet.

Målgruppa er barn mellom åtte og tolv år, som kan ha utbytte av ein mentor. I Sverige, der det første nattergalprosjektet blei starta i Malmø i 1997, har dei no utvida tilbodet til alle barn. I Norge er tanken å starte med minoritetsbarna, for så å utvide etterkvart, fortel Moyfrid Felecian-Midttun, prosjektleiar for Nattergalprosjektet ved Høgskolen i Bergen.

Må passe saman

I Bergen er det studentar ved vernepleiar- og sosionomstudiet som får tilbod om å vere mentor. Andre stadar blir barnevernspedagogar også invitert med.

I Bergen var først berre tre studentar interessert, men så kom prosjektleiaren på å legge informasjon om mentorordninga ved stadfestingsbrevet til dei 120 nye studentane. Så mange ville bli mentorbarn at dei måtte sette dei avslåtte først på ventelista for 2009-2010. Då vil Bergen doble tilbodet, og utvide til andre studentgrupper, i første rekke pedagogikkstudentane.

- I fjor måtte vi velje - og vrake – blant dei mange mentorkandidatane. Først intervjuar vi studentane. Vi sjekkar referansar, og dei må levere politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Det skal vere trygt for foreldra å sende barna sine med ein mentor!, seier Felecian- Midttun.

Klare rammer

Det ligg sterke tal bak satsinga på minoritetsbarna:

  • Fire av ti unge minoritetsbarn gjennomfører ikkje vidaregåande skule, mot tre av ti i befolkninga elles.
  • Minoritetsbarn er 30 prosent oftare i kontakt med barnevernet enn gjennomsnittet.
  • Berre 2,2 prosent av barneverstilsette har minoritetsbakgrunn.

( Tal frå Statistisk Sentralbyrå i 2006).

- Nattergalen skal vere eit positivt møte med det barnevernsfaglege. Men ting – tar - tid, og dette er ein måte å starte på, seier Felecian-Midttun.

Mentorordninga har klare rammer: Dei skal treffast to- tre timar kvar veke. Mentoren skal ta initiativ til aktivitetar, men samstundes oppmode mentorbarnet til å kome med forslag. Mentorane skal kursast i språk og kultur, innføring i relasjonsmessige problemstillingar, og i korleis dei avsluttar mentorrelasjonen på ein god måte. Sidan skal mentorane føljast opp med individuell rettleiing.

Men det viktigaste er barna: Dei skal få styrka sjølvkjensla si, oppleve meistring i ulike sosiale situasjonar, og kunne kjenne seg trygge på andre menneske. Og dei skal få innblikk i mentoren sitt liv som student. Tanken er at dei då tidleg skal sjå kor viktig det er å få seg utdanning.

Skulen har ei viktig rolle

I Bergen er førebels to skular med: Nygård, som er mottaksskulen for alle med minoritetsspråkleg bakgrunn som kjem til Bergen, og Slettebakken, ein vanleg skole med 300 elevar, ein tredel av dei med minoritetsbakgrunn.

Slik er prosessen: Skulane får tilsend søknadsskjema på fleire språk, som dei delar ut til foreldra på foreldremøtar og liknande samlingar. Skulane skriv prioriteringsliste over dei barna som har søkt mentor, etter nokre faste kriterie: Barn som fell utafor fagleg eller sosialt. Dei som har spesielt utbytte av vaksenkontakt. Barn som er med på få fritidsaktivitetar, og dei som er dårlege i norsk.

I oktober 2008 blei det første møtet mellom 14 mentorar og 15 mentorbarn skipa til. Foreldra blei også inviterte. Mentorane sto på rad med eit symbol på brystet, så blei dei kopla til dei barna som hadde det same symbolet på seg.

- Mentorane snakka med foreldra og barna. Det blei så vellukka at vi til slutt måtte hive folk ut!, fortel prosjektleiaren, som har ei rekke andre vellukka fellesarrangement å vise til: Lysfest på byfjellet Fløyen i desember, med graut, bål, lys, julenisse og eventyrstund. Grillkos, klatring og båtbruk i april, og avslutningsdagen i mai, der målsettinga var at barna skulle få oppleve at det går an å avslutte ein relasjon på ein god måte.

- Dei kan fortsette kontakten, men då må det vere som vener. Vi oppmoder mentorane til å avslutte heilt. Det er mykje som skjer i livet til ein mentor, og mentorbarna bør ikkje få oppleve eit dårleg kjærleiksbrot!

Konstruerte skilnadar

”Det beste er å få vere med nokon som eg møter ein gong i veka”, sa ein av mentorbarna då dei blei spurde om erfaringane sine.

- Vi ser kor viktig det er for dei å ha noko fast å sjå fram til. Og når dei lærer noko nytt, har vi opplevd at dei sidan får foreldra med på det etterpå, til dømes å dra på Fløyen og grille. Foreldra er nøgde og takksame. Men det er viktig at vi er nøye med å sette saman barn og mentorar som passar i lag.

Studentane seier at dei har opplevd at kulturskilnadane ofte er konstruerte, og at utfordringa ligg i meir universell problematikk om kontakten mellom vaksne og barn. Då blir dilemmaet blir å sette grenser og likevel vere ein vaksen ven. Dei får erfaring med barn sitt liv og kvardag, innblikk i tankar og kjensler. Dei ser også ting dei ikkje likar, til dømes at dei ikkje er nøgde med korleis barnet bur, og dei blir konfronterte med eigne fordommar. Dei får også positive opplevingar med foreldre som inviterer dei inn på middag, i kontrast til den norske, meir reserverte haldninga. Og gjennom aktivitetane med barna får dei fram barnet i seg sjølv, seier Felecian-Midttun, som kan fortelje om ein enorm språkutvikling hos barna i løpet av det første året: Like over nyttår ser det ut til at dei har knekt språkkoden.

- Det viser at det skal lite til, og at det nyttar!

Ei føresetnad for at mentor – barn-forholdet skal fungere, er at samarbeidet mellom departementet, høgskulane, foreldre og skule fungerer, understrekar prosjektleiaren, som pleiar seie ”er det noko, så berre ring!”, til kontaktlærarane på skulen.

Du kan kontakte Moyfrid Felecian-Midttun på epost: Moyfrid.Felecian-Midttun@hib.no

Ingebjørg Jensen, frilansjournalist