Bilde av arrangørene av Fritidsmessa. Invild Marie Hilde og Anne Berit SætreFritidsmessen har blitt en viktig møteplass hvor frivilligheten får mulighet til å profilere seg. i 10. september 2022 ble messen arrangert for 6. gang. Ingvild Marie Hilde er fagansvarlig i Aktiv fritid i kommunen. Hun er opptatt av å tilrettelegge for at dette kan bli en møteplass hvor flere barn, ungdom og voksne kan finne frem til en fritidsaktivitet som de ønsker å delta i. De er opptatt av å sikre et mangfold. Derfor inviteres både idrettslag, klubbar, turlag, helselag, hobbyaktiviteter og andre. Målet deres er å vise frem mangfoldet av fritidsaktiviteter i hele kommunen. Kvinnherad Kultursenter brukes og her vi det under messen være stands både ute og inne.

I forkant av arrangementet stilte vi Ingvild Marie Hilde 6 spørsmål:

  1. Hvor mange ganger har dere arrangert en slik messe?
    Dette er 6.gong. Det har vore ulike måtar å arrangere den på. Vi har vidareutvikla og tilpassa arrangementet etter kvart. Dei siste åra har vi landa på det vi opplever fungere best hos oss.
     
  2. Hvem bistår i arrangementet?
    Dei som er med i arrangørgruppa er Kvinnherad Frivillligsentral, Kvinnherad Bibliotek, Kulturhuset Husnes og tjenestene Barn og familie v/ Tiltak og ressurs og Aktiv fritid kvinnherrad. Vi treng at lag og organisasjonar melder seg til å ha stand dersom messa skal gjennomførast. Då har dei sjølve ansvaret for å lage til standen og profilere aktiviteten sin. Vi i arrangørgruppa organiserar messa og har opne hus og eigen stand. Som eksempel skal Aktiv fritid ha stand saman med tilrettelagt fritid for dei under 18 år for profilering av det å vere støttekontakt, avlaster og besøksheim. Biblioteket har åpent og stiller med bokbussen og eigne sprell for å skape aktivitet og engasjement kring biblioteket. Kulturhuset er opent. Der har ein kafe og det blir vist ein kino i forkant av messestart.
     
  3. Hvordan markedsføres messen?
    Målgruppa er både barn, unge og vaksne. Det er fremma som ei messe som passer alle i ein familie og eit familiearrangement. Einslege vaksne kan også selvfølgeleg delta. Informasjon om messa blir fremma i våre sosiale media: Kommunen, Aktiv fritid, Frivilligsentralen og Bibliotek. Det er sendt ut e-post til kontaktpersonar av ulike lag/organisasjonar som vi har samla frå tidlegare og alle som er brukarar av aktivitetskalenderen Friskus. Vidare blir det lagt som arrangement i Friskus (dette er nytt i år, samt at vi i år nyttar Forms skjema som påmeldingsarena). Vi har også hatt pressekonferanse med lokalavisene.
     
  4. Hvilken betydning har dette for støttekontakttjenesten og frivilligsentralen?
    Støttekontakttenesta (Aktiv fritid) nyttar messa til å profilere oss og behovet for oppdragstakarar og støttekontakter då dette også er noko ein kan nytte fritida si på. Då deler vi ut informasjon om oss, og kan snakke med oss. Interesserte får høve til å skrive seg på liste og fylle ut et intervjuskjema som vi nytte til alle nye oppdragstakerar. Vi oppmodar støttekontakter til å ta turen innom Fritidsmessa med den dei er støttekontakt for, og på denne måten kunne så nye frø i bruker på nye aktiviteter å delta i.
    Frivilligsentralen nyttar messa til å profilere seg og sine aktivitetar, til å få fleire frivillige og knyte til seg aktuelle samarbeidspartar.
    Vi håper at Fritidsmessa kan bidra til meir kjennskap til fritidstilboda i Kvinnherad, til å delta i nye aktiviteter, hjelp til Frivillige lag/organisasjonar til å profilere sitt lag/organisasjon, til at menneske kan bryte einsomhet og isolasjon og såleis kan der blir mindre brukarar av tenestene våre.
     
  5. Hvor gjennomføres messen? 
    Messa blir gjennomført i Husnes sentrum i og rundt lokalene til Kvinnherad kommune. Kulturskulen har gjerne stilt med musikalsk innslag. Vi oppmodar lag og organisasjonar til å lage “levande” stands med demonstrasjonar, konkurransar, testing, gratisprøvar og liknande. Såleis treng nokre ein god del plass t.d. har bogeskyttarlaget gitt publikum muligheit til å prøve bogeskyting og dei treng då ein sikker plass der dette kan gjennomførast. Turn har vore med der dei har hatt med tumblingmatte. Rideklubbar har hatt med ponni der barna kan få prøve å ri. Turlag og liknande organisasjon har hatt med bålpanne for grilling av pølse, pinnebrød og laga bålkaffi. Søndagsskulen, nattkafe og indremisjonen har hatt med popcornmaskin, gitt muligheit for ansiktmaling og teiknemuligheiter etc. Husflidlag har hatt muligheit til å lage seg hoppetau av stoff. Dette var nokre dømer. Det har vore veldig kjekt å kunne få sjå og prøve aktivitetane dei ulike laga og organisasjonane har.

    Området vi nyttar ligg i umiddelbar nærleik til Opsangervatnet og såleis skapar det muligheit for lag og organisasjonar som nyttar sjø og vatn. Til dømes ligg der ein robåt som høyrer til BUA, og som kan nyttast til å ro utpå å fiske. BUA har også lokaler i tilknyting til messa og er open. Utstyr de kan såleis prøvast og lånast. Kanoane har bl.a. vore tilgjengeleg ved Opsangervatnet. Utanfor BUA og Ungdomssenteret er der ein plen som ein har muligheit til å ta ut nokre av utstyret på BUA for utprøving  som kubb, div ballar og sykler
  1. Hvordan er det å gjennomføre messen etter pandemien?
    Det er tre år sidan vi arrangerte messa sist. Frivilligheita har fått seg ein «real knekk» under pandemien som trengs å byggast opp igjen. Såleis tenkjer vi ei gjennomføring no etter pandemi er viktig. Kanskje kan vi med messa bidra til/hjelpe laga til å få fleire i styra til frivillige organsiasjoner. Det er ein av dei store problemstillingane i laga våre.

Har du spørsmål til Ingvild Marie Hilde kan hun kontaktes på telefon 53483100 eller e-post ingvild.marie.hilde@kvinnherad.kommune.no

Bilde av en jente som hopper og skal kaste en håndball