Ingvild Reitan er dagleg leiar for Aktiv på dagtid i Oslo. Foto: Ingebjørg Jensen
«Du ser små endringar som gjer at du kjem deg vidare». «Det er ei glede å kjenne at kroppen fungerer, sjølv om du har vore ute av drift ei stund!».
Slike optimistiske utsegn var det mange av i den korte filmen om «Aktiv på dagtid» i Oslo, som deltakarane på «Fritid for alle» fekk sjå før dei lytta til kva dagleg leiar Ingvild Reitan kunne fortelje om opplegget. No kan Oslo - buar mellom 18 og 65 år som mottar ei form for trygdeyting, velje mellom treningstilbod 80 timar i veka, heile året, med unnatak av tre veker om sommaren. Slik får dei trene seg opp fysisk, kvardagen får meining, de møter andre menneske, og kjem seg vidare.
Tilbod til alle på trygd
«Aktiv på dagtid»(Apd) er eit aktivitetstilbod i regi av Oslo Idrettskrets, som finansierast av Oslo kommune og Helse Sør - Øst. Det starta forsiktig i 1995, og har no avleggjarar i kommunane Asker, Bærum, Ski, Nesodden, Follo, Fredrikstad, Sarpsborg, Moss, Askim, Halden, Førde, Florø, Gaular, Nausdal, Molde og Tromsø.
Deltakarane kan vere på sjukepengar, attføring- eller rehabiliteringspengar, uføretrygd, overgangsstønad, dagpengar, økonomisk sosialstønad eller på introduksjonsprogrammet/Ny sjanse. Målsetjinga er å aktivisere og integrere dei gjennom ulike idrettstilbod. Ordninga har sju heiltidstilsette idrettspedagogar i Oslo Idrettskrets. I tillegg kjem 6 - 8 instruktørar på timebasis, som blant annet har spesialtimer som yoga, qigong og pilates. I nokre tilfelle har deltakarane med seg ledsager på treninga, anten dei kjem åleine eller i gruppe. Den største samarbeidspartnaren er «Friskis&Svettis». I tillegg samarbeider Aktiv på dagtid også med idrettslag, kommunale- og statlege institusjonar som distriktspsykiatriske sentra og sjukehus, pasientorganisasjonar og Oslo kommune, som er dei som spyttar flest pengar i kassa.
- Vi jobbar aktivt mot politikarane i kommunen. Fleire byrådar har kome til oss. Dei skjønar kor viktig dette er når dei får møte brukarane, seier Reitan.
I 2009 var det 2324 som nytta seg av tilbodet i Oslo. Kvar dag er mellom 200 - 300 menneske på trening. Talet på treningsøkter har gått opp, utan at talet på deltakarar har auka. Grunn: Dei som trenar, trenar oftare enn før.
Funksjonsnivå avgjer
Det kostar 250 kroner i året å bruke tilboda på Apd: – Det er ein symbolsk sum, men gir ei kjensle av verde. Mange tør ikkje bruke så mange pengar på trening fordi dei har dårleg råd, eller fordi dei ikkje er vane med trening og ikkje veit kva dei skal velje. Mange held fram med trening etter at dei ikkje lenger kan trene i Aktiv på dagtid, fordi dei gjennom Apd då har funne ein idrett som passar for dei, fortel Reitan. I Oslo er spekteret stort: Helsestudio, salaktivitetar, sykling, vannaktivitetar, ballspel, klatring, qigong, pilates, nokre gongar bowling, maraton eller stavgang. Aktivitetane er fordelt over heile byen, frå vest til aust, nord til sør. Det var kommunen som bad dei utvide til Holmlia, Grünerløkka og Grorud, og sørgde for pengane.
– Vi prøver å vere geografisk spreidd på ulike vekedagar. Det er treningstilbod to stader kvar dag. Deltakarane må kunne trene med eit langsiktig perspektiv, slik at tilbodet er på ein stad over tid. Derfor er vi kritiske til kvar vi etablerer oss. Det er deltakaren sitt funksjonsnivå som avgjør om dei kan delta på aktivitetstilbodet. Dei må ha eit ønske om å delta, og dei må kunne omgås andre. Nokre må til dømes vente til dei er i betre psykisk form. Dei som vil vere med kan møte opp på ein aktivitet og prøve han ut før dei betaler. Dei som ønskjer det kan få omvising . Trenaren oppfordrar dei til å prøve seg fram, for å sjå kor mykje dei klarer å ta i , fortel Reitan.
Ulike kulturar
Det er ei samansett gruppe som deltar på Apd i Oslo: 35 prosent er innvandrarar, 82 nasjonalitetar er representert. Det blir ikkje lagd til rette for spesielle grupper, som til dømes muslimske kvinner eller hjertesjuke. Deltakarane representerer mange ulike kulturar. Det stille store krav til våre instruktørar, som også må ha i tankane at mange av deltakarane slit. Derfor må vi ha klare rammer. Det har vore konfliktar, til dømes mellom folk frå land som har vore i krig. Det har også vært episodar med baksnakking og mobbing som vi tar tak i med en gang. Vi må vere medvitne om at her er folk som er særleg sårbare, og som har lite overskot til å handtere nye situasjonar. Og det hender vi må seie i frå: «Du er for sjuk til å vere her no», eller vi må vise dei bort på grunn av konfliktepisodar. Det er mange som rett og slett manglar sosial trening, og som må lære normal oppførsel!
Dei fleste deltakarane er mellom 30 og 59 år, og 64 prosent er kvinner:
Kanskje aktivitetane passar best for kvinner? I tillegg trur vi at forklaringa kan være at menn har høgare terskel for å vere synlege når dei er ute av arbeidslivet: Mange synest det er skammeleg å vere på trygd. Men talet på menn i Apd har auka i det siste, seier Reitan, og viser til at dei også strevar med å få med dei heilt unge. Ho trur aktivitetane er attraktive for dei, men lurer på om informasjonen ikkje har nådd ut.
Dei fleste som trener i Aktiv på dagtid er på uføretrygd (50 %) eller på attføring eller rehabilitering (25 %). Det er no mange som er på tidsavgrensa uføretrygd. Det er positivt, i og med at dei då veit at dei er i ein prosess.
Tala viser at dei fleste deltakarane (55 %) hadde muskel- og skjelettlidingar, nær 17 prosent hadde psykiske lidingar medan nærare 7 prosent hadde diagnosen utbrent. Det var også ein del med livsstilssjukdomar som høgt blodtrykk og diabetes.
Blitt suksess
Det skal vere enkelt å bli med på Apd: Det er berre til å møte opp og prøve en aktivitet, deltakaren får et registreringsskjema med giro på 250 kroner. Neste gang må dei ta med kvittering, dokumentasjon på trygdeytinga, utfylt registreringsskjema og bilde. Så får dei tildelt deltakarbevis. Dei må også skrive under på trivselsreglane, til dømes å møte presis, ikkje gå med magen bar og slå av mobiltelefonen.
Ut frå erfaringane i Oslo, set Reitan opp fleire kriterie for suksess:
Tilbodet må vere rimeleg, men det bør koste litt. Det må vere lågterskelaktivitetar, også for dei som aldri har trent før. Det er positivt at aktivitetstilbodet har en lokal forankring. . Trivselsreglar er viktig for å gi tydelige og trygge rammer. Det er viktig å ha instruktørar med høg fagleg kompetanse og eit godt miljø der dei tilsette er samkøyrde. I Oslo har alle instruktørane til eit felles møte ein gong i veka.
Av Ingebjørg Jensen, frilansjournalist
Sist endret: 02.07.2010