rune_oyen.JPG
Rune Øyen

Rune Øyen vart utdanna politi i 1980 og arbeidde som politibetjent ved Oslo politikammer i åtte år. Etter ei trafikkulukke fekk han tilbod om omskolering og tok sosionomutdanning ved Høgskolen i Agder. Øyen tok til i barnevernstenesta i Kristiansand kommune i 2002. Hausten 2002 fekk han tilbod om å prøva ut metoden «Fritid med bistand» i barnevernet. No er Rune Øyen tilsett som prosjektmedarbeidar i den nasjonale satsinga der målet er å styrka arbeidet på fagfeltet «Støtte- kontakt, kultur og fritidsdeltakelse». Nettstaden www.fritidforalle.no står sentralt i dette arbeidet. Metoden Fritid med bistand si heimeside er www.fritidmedbistand.no. Rune Øyen brukar mykje av fritida si til frivillig arbeid, spesielt innan barne- og ungdomsarbeid med vekt på kor og musikk.

«Fritid med Bistand» er ein metode som går ut på å hjelpa menneske som treng det, inn i fritidsaktivitetar. Fleire og fleire kommunar tek i bruk metoden der målet er at deltakaren vert inkludert i ein aktivitet, i løpet av ein avgrensa periode.

Fritid med Bistand er ein viktig tilbod når Sosial- og helsedirektoratet ynskjer å styrka arbeidet med støttekontakttenesta i kommunane med sikte på at dei som treng det, får delta i kultur- og fritidsaktivitetar etter eige ynskje.

Direktoratet har mellom anna gitt ut ideheftet «Sammen med andre – nye veier for støttekontakttjenesten» og står bak nettstaden www.fritidforalle.no [http://www.fritidforalle.no/] i nært samarbeid med Kristiansand kommune som har utvikla metoden «Fritid med bistand» over fleire år.

Variert og individuelt tilbod

For dei fleste som har støttekontakt, er det tre hovudløysingar:

  • Individuell støttekontakt
     
  • Deltaking i ei aktivitetsgruppe
     
  • Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon.
     

Fritid med bistand og treningskontakt er eksempel på tilbod i samarbeid med organisasjonar.

Kommunane vert utfordra på å tilby ei støttekontaktteneste som sikrar brukarane medverknad slik at tilbodet passar til den enkelte sitt behov. 51 kommunar over heile landet er valde til å delta i dei regionale faglege nettverka som er knytt til fagfeltet «støttekontakt, kultur og fritidsdeltakelse».

Seks regionale nettverk

Rune Øyen arbeider med Fritid med bistand i Kristiansand og koordinerer samlingane i dei regionale nettverka saman med kollega Anders Midtsundstad. Det er sett saman seks regionale nettverk. Dei skal fungera som knutepunkt, vera rettleiarar og ta initiativ for å utvikla støttekontakttenesta både i desse kommunane og elles i deira region.

Arbeidet i nettverka er nett kome i gang. Innan midten av april har det vore gjennomført tre nettverksamlingar.

- Så langt peikar deltakarane på at det er viktig å sjå på ulike løysingar for å organisera støttekontakttenesta og utveksla erfaringar om bruk av nye arbeidsformer. Det kjem også klare tilbakemeldingar på at det er eit nyttig forum for erfaringsutveksling og å knyta nye kontaktar innan fagområdet, oppsummerer Øyen.

Omdisponering av midlar

Fritid med bistand har vist seg å vera god metode for å få menneske med hjelpebehov, til å halda fram med å vera med på den sjølvvalde fritidsaktiviteten sin utan hjelp frå kommunen. Mange får eit positivt sjølvbilete.

Erfaringane frå Kristiansand er gode å ha med seg når bodskapen skal spreiast. Fram til i dag har Kristiansand kommune gitt over 300 personar tilbod om Fritid med bistand. I løpet av 2008 får om lag 90 personar eit slikt tilbod.

- Berre ei veke etter ei nettverkssamling fekk eg melding frå ein deltakar som hadde fått gjennomslag for å ta i bruk metoden i sin kommune, fortel Rune Øyen.

Når ein tek i bruk Fritid med bistand må ein del av midlane som er avsett til støttekontaktar, omdisponerast. Likevel treng ikkje kostnadane verta høgare enn ved bruk av tradisjonelle støttekontaktar.

Same lovvedtak

Som for andre støttekontakttilbod må det fattast vedtak etter Lov om sosiale tenester eller Lov om barneverntenester når Fritid med bistand vert sett i gang. Vedtaket skal byggja på den enkelte sine ynskje og behov og innehalda mål om at deltakaren vert inkludert i aktiviteten i løpet av ein avgrensa periode. Kommunen sin sakshandsamar i tenestetilbodet fylgjer opp kvar enkelt deltakar i samarbeid med den som legg til rette i organisasjonen der vedkomande har valt å delta i.

Rune Øyen kan treffast på e-post: rune.oyen@kristiansand.kommune.no

Oddvar Soldal, frilansjournalist