Vidareutdanninga «Organisering og veiledning av støttekontakter, avlastere og frivillige» er eit utdanningstilbod som er retta mot sosialarbeidarar, kulturarbeidarar, pedagogar og helsearbeidarar. Utdanninga kan takast på deltid over eitt år og gir 30 studiepoeng.  For Sølvi Folkedal var tilbodet midt i blinken då ho skulle begynne å jobbe med fritidstiltak for risikoutsett ungdom i Askøy kommune.

Kunnskap om tiltak og tilrettelegging

-Studiet gav meg meir kompetanse til den jobben eg skulle gjere. Eg fekk ei fagleg tilnærming til det å jobbe med frivillige og meir kunnskap om strategisk bruk av kulturtiltak, fortel Sølvi som er sosionomutdanna ved HiB og har bakgrunn frå NAV og barnevernet.

Gjennom studiet får ein kompetanse til å utvikle og legge til rette for ulike tiltak og fritidstenester for menneske med spesielle behov.  No er Sølvi Folkedal leiar for prosjektet «Aktiv fritid for alle» som er eit fritidstilbod for unge som er i risikosona for rus eller som på andre måtar treng hjelp for å komme seg inn i eit organisert fritidsstilbod.

Sølvi

Let seg kombinere med jobb

-Studiet var godt tilrettelagt slik at eg kunne ta det ved sidan av jobb. I tillegg til samlingar var det nettbaserte oppgåver slik at eg kunne sitte heime å jobbe. Oppgåvene kunne også tilpassast slik at dei vart relevante for vår eigen arbeidsplass, fortel Sølvi.

Ho legg til at mangfaldet i studentmassen også var svært nyttig og utviklande.

-Studentane kom frå ulike arbeidsplassar og hadde ulik bakgrunn. Det gjorde at vi fekk fruktbare diskusjonar og utvikla oss fagleg. Det må også nemnast at dei som underviste var svært dyktige, smiler ho.

Vi du anbefale studiet til andre?

-Ja, det vil eg absolutt.  Vidareutdanninga har utan tvil vore nyttig, avsluttar Sølvi.

Skrevet av: Ingrid Hope og foto av: Randi Høghaug.