07.12.2018 ble ny frivilligheitsmelding lagt fram: Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig
Frivillig innsats er ei kjelde til fellesskap, demokratiutøving og kompetanse. Regjeringa vil at denne kjelda skal vere tilgjengeleg for alle, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Mål for frivilligheitspolitikken:
Brei deltaking: I frivillige organisasjonar får enkeltmenneske bruke ressursane sine og oppleve mestring i møte med andre. Dette er avgjerande for tilliten i samfunnet vårt. Brei deltaking er difor eit overordna frivilligheitspolitisk mål. Regjeringa vil støtte opp om frivillige organisasjonar slik at dei kan rekruttere eit mangfald av frivillige og halde fram med aktiviteten sin.
Ein sterk og uavhengig sektor: Regjeringa vil sikre frivillige organisasjonar rammevilkår som gir frivillig sektor handlingsrom. Regjeringa legg fram ein opptrappingsplan for momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar. Vi vil også sjå på om meir av dei statlege løyvingane skal gå til driftstilskot samt sikre ei god Frifond-ordning til barne- og ungdomsorganisasjonar.
Forenklingsreform: Det skal vere enkelt å drive ein frivillig organisasjon. Det skal vere enkelt for frivillige å søkje, ta i mot og rapportere på offentleg støtte. Regjeringa vil m.a. starte eit pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar og etablere forenklingsråd for tilskot til frivilligheita.
Ein meir samordna frivilligheitspolitikk: Regjeringa vil sikre god koordinering av den offentlege politikken for å sikre breitt engasjement og høg aktivitet.
I den nye frivillighetsmeldingen legges det vekt på at statens frivillighetspolitikk skal støtte en sterk, selvstendig og mangfoldig frivillighet. Bred deltakelse er det overordnede frivillighetspolitiske målet. Meld. St 10 (2018-2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken, kan du laste ned her: Meld. St. 10 (2018–2019) Den statlege frivilligheitspolitikken.pdf
Kilder
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-10-20182019/id2621384/