Aktivitetsbasert avlasting er eit nytt fast avlastingstiltak i Lindås kommune. Bakgrunnen for etablering var at det var registrert fleire barn/unge som ikkje kunne nyttegjera seg dei eksisterande avlastingstilbod, det vil seie avlastingsbustad og privat avlastingsheim. Desse var unge gutar med diagnoser som adhd, add, asperger, lett og moderat utviklingshemming. Å finne eit avlastingstilbod som denne gruppa kunne ha interesse av og nyttegjere seg av, gjorde at me måtte tenkja nytt om avlasting.
Aktivitetsbasert avlasting har eit ressurs- og interessefokus. Tilbodet er laga etter kva interesse og ressursar dei unge har og kva talent foreldra meiner dei unge kan utvikla. 17 unge har idag eit tilbod i aktivitetsbasert avlasting. Aktivitetsbasert avlasting har likskapstrekk med støttekontakt i gruppe, eller det Sosial og helsedirektoratet i sitt rundskriv kallar deltaking i aktivitetsgruppe.
Artikkelen er skrevet av Inger Helen Midtgård og kan leses her.
Lindås kommune har etablert eit spennande avlastingstilbod kalla aktivitetsbasert avlasting. Her kan du lese meir om tilbodet som nyleg vart presentert i ein artikkel i tidskriftet SOR -rapport.